KALENDER - LIKNES BEDEHUS
Kalenderen er tom
AESTON
Kvinlog Bedehus
Kalender
Ingen arrangement
> Se hele kalenderen
 

Fest for opning av aktivitetane på bedehuset

27.08.2012
Fest for opning av aktivitetane på bedehuset

Sundag ettermiddag var det opningsfest på bedehuset. Dei forskjellige aktivitetane på bedehuset presenterte sine planar. Deriblant er KRIK som Odd Terje Helle har ansvar for.

Etter ein lang sommarferie er vi no snart i gong med dei forskjellige aktivitetane på bedehuset. Sundag gjekk startskotet. Då arrangerte bedehusstyret opningsfest. Leiar i styret, Terje Kvinlog, leia festen. Kjell Trodahl hadde andakt. Den handla om Jesus som hyrden.
Stian Engedal teikna og fortalte i sitt opningsord. Takk til Ina Helen Kvinlaug som song for oss. Utenom dette, var det mykje allsong for borna leia av Per Sverre Kvinlaug. Med seg hadde han Oddbjørn Stakkeland på piano og Tom Gallatin på trombone. Før kaffimaten blei servert, presenterte leiarane for dei forskjellige aktivitetane sine planar for hausten. Det blei teken oopp kollekt til bedehuset. Det kom inn nærare 4000,- kroner. Takk for gåva!


Jan Kristian Kvinlaug er ein av leiarane i søndagsskulen.



Tove L. Helle er dirigent og leiar for barnekoret.



Gunhild Trodahl er leiar for MAKS.


Judith K. Rogstad er leiar for Between.


Odd Terje Helle er leiar for KRIK.


Siv Anita K. Narvestad fortalte om Laurdagscafeèn som ho er leiar for.


Stian Engedal fortalte om det nye ungdomstilbodet 8 UP, som er ei bibelgruppe for ungdommar.
Samlingane er heime privat hos tre ektepar.


Leiar i styret for bedehuset, Terje Kvinlog, orienterte om det øvrige arbeidet og møter som er på bedehuset.

På tysdag startar barnekoret opp med øving kl. 17.30. Det året borna fyller 4 år, kan dei begynne i koret.

Fylg med på aktivitetskalenderen på nettsida vår. Dei vert oppdatert kontinuerleg. Det ligg også ein aktivitetsplan på bedehuset som du kan ta med heim. 

Sjå bilete frå festen. Alle foto: PSK

 
Nyhetsarkiv
 
© Kvinlog Bedehus 2019  |  Søk   Bookmark and Share