KALENDER - LIKNES BEDEHUS
Kalenderen er tom
AESTON
Kvinlog Bedehus
Kalender
Ingen arrangement
> Se hele kalenderen
 

Kongens fortenstmedalje til Kjell Trodahl

07.05.2012
Kongens fortenstmedalje til Kjell Trodahl

Laurdag kveld fekk Kjell Sverre Trodahl Kongens fortenstmedalje i sølv for lang og trufast teneste i Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM).

Overrekkinga fann stad på årsmøte i Flekkefjord felleslag på Bakke bedehus på Sira. Varaordførar i Kvinesdal Per Sverre Kvinlaug fekk æra å feste den gjeve medaljen på jakkeslaget til Kjell Trodahl. Sist fjotlending som fekk ei slik utmerking var Sverre Kvinlaug i 2010, far til varaordføraren.
Som 22-åring tok Kjell Trodahl til som barne- og ungdomsarbeidar i Stavanger krins, og då han gjekk av for aldersgrensa 1. april, kunne han sjå tilbake på 45 år som arbeidar i NLM. Han er fødd på Madla.
I helsinga si minte varaordføraren om den lange tenesta som Kjell kan sjå tilbake på. Han begynte i Flekkefjord felleslag i 1969, og året etterpå flytta han til Fjotland, då han gifta seg med Gunnhild frå Mygland.
Ved sida av forkynnartenesta, har han vore ein engasjert og aktiv sauebonde i lag med Gunnhild. Saman har dei også vore engasjert i barnelaget Liten hjelper på Eiesland sidan dei gifta seg. Dette er det barnelaget som har vore lengst i samanhengande verksemd i bygda. Allereie i 1919 blei foreininga stifta. I tillegg har dei vore engasjert i sundagsskulearbeid og i bedehusarbeidet på Eiesland og misjonsarbeidet i heile Fjotland.
Vi gratulerar Kjell Sverre Trodahl med den gjeve medalja.
På www. kongehuset.no er fjotlendingane omtala slik:
1945 Gardbruker og observatør Jakob O. Risnes
1961 Telefonstasjonsstyrer Anne Malena Skjeie Risnes
1982 Yrkesskolelærer Trygve Eftestøl
1982 Rektor Torvald Kvinlaug
1992 Sykepleier Olaug Norås
1994 Søndagsskolelærer Peder Stakkeland
2010 Idrettsleder Sverre Kvinlaug
2012 Ungdomsarbeider Kjell Sverre Trodahl

 
Nyhetsarkiv
 
© Kvinlog Bedehus 2019  |  Søk   Bookmark and Share